Stødt med fullt program i påska.
Sist helg hadde den nye utestaden Stødt prøveopning for å sjå til at alt fungerte som det skulle. Den nye møtestaden ligg rett ved småbåthamna i Ørsta, i underetasjen til Cirkle K (Vellibygget).
Det var ordflørar Stein Aam som sist helg kunne meddele at den nye kulturarenaen offisielt har opna.
Dagleg leiar Torje Aambø seier at Stødt skal vere ein møtestad med stor spennvidde. Det skal vere alkoholfrie arrangement for ungdom, men også tilstelningar for dei over 18-, og over 20 år. Stødt skal ha eit tilbod både på dag- og kveldstid.
Det vert råd å få seg ein matbit, men førebels blir menyen enkel og med mat levert av lokale samarbeidspartnarar. Planen vidare er å få laga eit skikkeleg kjøkken slik at ein får eit meir fullverdig mattilbod. Utestaden har alle rettigheiter, og har eit godt utval av alkoholfri øl, drinkar og anna.
Frå “Musikk i sentrum” til ein fullverdig kulturarena
Medeigar Hans Robert Bondhus har i fleire år vore engasjert i “Musikk i sentrum”som ønsker å lyfte fram lokale band. Dei har gjennom fleire år arrangert utandørskonsert på utescena i sentrum den fyrste laurdagen i september. Stødt er ei vidareutvikling av dette konseptet, og musikarane får no ein heilårsstad der dei kan nå ut til eit publikum. “Musikk i sentrum” vil halde fram. I tillegg vil det bli fleire utandørskonsertar ved småbåthamna i sommarhalvåret med uteservering.
Påskeprogrammet
Den nyopna kafé/bar/kulturarenaen har lagt opp til eit fullspekka kulturprogram i påska. På programmet står aktivitetar som shuffleboard-turnering både for dei under- og dei over 18-år, det skal vere konsertar, afterski og jam/open mic. Onsdag vil Skapsmak, eit band som hovudsakleg har røter i Volda stå for underhaldninga. Skjærtorsdag blir konsert med det tradisjonsrike Ørsta-bandet Baarelaget. Denne konserten er snart utseld, så her må ein “raska på” om ein skal nå tak i billettar.
Under Pride-markeringa i mai vil Stødt køyre eit heildagsarrangement for bygdepride-ungdommen. Dette vil vere eit alkoholfritt arrangement. Det er berre å halde seg oppdatert på programmet for i fylgje Aambø er det mangt og mykje som kan skje her!
For meir informasjon om Stødt:
Dagleg leiar Torje Aambø er klar for å ta imot påskegjestar.
Foto: ØNK
Torje Aambø framfor shuffle boarda.
Foto: ØNK
T.v. Martin Foldal, lydtekninkar og Hans Robert Bondhus, medeigar i Stødt er klare til fullt innrykk.