Pizzabakeren Ørsta

Ein av dei nye medlemsbedriftene i Ørsta Næringskontor er Pizzabakeren. Dei held til i Ivar Aasen-gata, og er ei franchaise-bedrift med Ann-Kristin Pettersen Lillestøl og Stian Lillestøl i spissen.

Pizzabakeren baserer seg hovudsakleg på “ta med mat” og utkøyring av pizza, men det er nokre sitteplassar for dei som ønsker å nyte maten på staden.

Ørsta-firmaet har som dei aller fleste i bransjen fått kjenne på verknaden av pandemien, men har hatt ei fin auke sidan i fjor. Dei er ikkje heilt der dei ønsker å vere endå seier Ann Kristin, og håper at bedriftene vil vere flinke til å nytte seg av tilbodet framover. Her kan ein få pizza i alle variantar. Vi har ein rikhaldig vegetar-/veganermeny og naturlegvis glutenfritt for dei som ønsker det seier Pettersen Lillestøl. Det fins også nokre andre rettar på menyen, som kyllingklubbar, kvitlauksbrød og dessertpizza.

Pizzabakeren tek gjerne imot bestillingar, og om ein tingar pizza online, får ein kvar 10. pizza på kjøpet.


Vi ønsker Pizzabakeren velkomen som medlem!

Les meir

Foto: ØNK

Forrige
Forrige

Ny tildeling av kompensasjonsmidlar

Neste
Neste

Stødt med fullt program i påska.