Noreg sitt einaste Relais & Chateauxhotell.
Hotel Union Øye har fått medlemsskap i den internasjonale hotellfamilien som det einaste hotellet i Norge.
Det er høge opptakskrav for å kome gjennom det trange nålauget. I tillegg til karakter, høfligheit, ro, sjarm og eit utsøkt kjøkken, må funksjonar som skil dei frå kjede-hotell vere på plass. Dei fleste med medlemsskap er spesielle landemerke som slott, herregårdar, eller hus i idylliske omgjevnader og som tilbyr utsøkt “haute cuisine”.
I Juni skal hotellet stå klart til opning etter ei storstilt utviding.