Næringskonferansen
Velkomen til Næringskonferansen Søre Sunnmøre 2025 – den største møteplassen for næringslivet på Søre Sunnmøre!
Bli med på ein spennande dag med inspirerande foredrag, ein høgaktuell panelsamtale om rammevilkåra for næringslivet, globale utfordringar og tips til korleis ruste bedrifta di for framtida. Bli med på den største konferansen på Søre Sunnmøre – konferansen for nettverksbygging, inspirasjon og fagleg utvikling!
Næringskonferansen -KVELDSARRANGEMENT
Velkomen til etterarrangementet til Næringskonferansen! Dette blir ein kveld med mingling, humorinnslag og sosialt samvær. Dørene opnar kl. 1800, og vi byr på velkomstdrink og litt handmat. Kring kl. 1845 blir det eit humorinnslag før vi fortset med meir mingling utover kvelden.
For dei som ønskjer å nyte ein god middag, oppmodar vi til å kome i god tid. Kjøkkenet stenger kl. 1800, men du kan nyte ein smakfull middag frå menyen frå kl. 1600 til 1800. Vi håpar du får ein hyggeleg kveld!
Dørene til kveldsarrangementet opnar kl. 1800.
Om du skal delta berre på kveldsarrangementet send mail til: post @orsta-nk.no for billettkjøp.
Berekraftsrapportering til frukost tirsdag 1. april kl 08000-1000
Vi ønsker velkomen til frukostmøte for næringslivet!
Hugs påmelding seinast mandag 31. mars kl 1000!
BLI MED HIT
“Bli med hit i Oslo: BLI MED HIT! Oslo 2025» er eit arrangement arrangert av Molde Næringsforum, Kristiansund og Nordmøre Næringsforening, og Næringsforeningen i Ålesundsregionen. Dette er den fjerde jobbmessa dei organiserer i Oslo for å rekruttere arbeidskraft til Møre og Romsdal. Arrangementet har blitt ein etablert møteplass, og dei jobbar kontinuerleg med marknadsføring for å nå fleire deltakarar.
Vil di bedrift delta?
Nettseminar: Tilskot til næring og nyskaping frå Møre og Romsdal Fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til presentasjon av aktuelle tilskotsordningar for næringsutvikling og nyskaping i Møre og Romsdal 2025. Følgjande ordningar vil bli presentert:
Omstilling til framtidsretta lokalsamfunn
Betre tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse
Skaparkraft - grøne industrielle løft
Skaparkraft - fornybar energi
Regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket
Forsking og utviklingsprosjekt i bedrifter
Bedriftsintern opplæring (BIO) for grøn omstilling
Registrer deg her

Informasjonsmøte om Spring Trainee
Er di bedrift på jakt etter ein ressurs med ny kunnskap, ei ny vinkling og ny giv?
Spring Trainee rekrutterer no bedrifter til eit nytt kulle med Spring Trainee. Over 70 nyutdanna unge drøymer om ei karriere her på Søre Sunnmøre. Kan dette vere noko for di bedrift?
Få med deg informasjonsmøte på Teams om muligheitene. Få med deg informasjonsmøtet på Teams!
ℹ️

LANDBRUKSKONFERANSEN 2024
Set av datoen for Landbrukskonferansen!
Vi lovar eit sterkt program med nasjonale foredragshaldarar og ein smakfull julelunch.
Meir informasjon om program kjem snart!
Foto: Vebjørn Berg Hansen

Kurs i sentrale tema Totalenteprise NS 8407 og NS 8417
Invitasjon til kurs i Totalenteprise ved Nordfjord Hotel

Kurs i regionalt dagskurs i Totalenteprise NS 8407 og NS 8417
Kurs i Totalenteprise NS 8407 og NS 8417 den 28. mai ved Nordfjord Hotell.

Møt hoppid.no, Brønnøysundregistra og Altinn
Kurs for næringsdrivande og nyetablerarar i Ørsta 19. mars på Havila Hotel Ivar Aasen.

Webminar for bedriftene på Søre Sunnmøre "Bli med hit"
Vi inviterer alle bedrifter på Søre Sunnmøre til å delta på webminar vedrørande rekrutteringsmessa “Bli med hit” fredag den 16. februar kl 0900.


Lysfest
Lysfesten har vorte eit årevisst arrangement som markerer starten på førjulstida.
Vi inviterer både tidlegare deltakarar og nye som har lyst til å vere med å skape god stemning i sentrum om å melde si interesse. Vi oppmodar lag og organisasjonar til å underhalde, selje lodd eller anna under lysfesten.
Vi håpar også at nærmatprodusentar mm. vil stille med standar/salsboder i området gågata-Alti. Det er gratis å ta del i arrangementet, og vi ønskjer at flest mogeleg deltek begge dagane.
Oppstilling av stand:
Fredag kl 1400-1900
Laurdag frå kl 1000-1500
Lysfesten blir opna frå scena ved kunsthuset fredag den 10. november frå kl 1700.
Påmeldingsfrist: 1. november
Ta kontakt med Odd Magne Vinjevoll tlf 906 15 145/ omv@orsta-nk.no
Foto: Eilev Mo

Dialogmøte med bedrifter om støtte til innovasjonsprosjekt
Få informasjon om korleis nasjonale og regionale verkemiddel kan bidra til å auke innovasjonsevna i bedriftene.
Foto: Unsplashed

Eigedomsdagen 2023
Få med deg oppdatering i trendar, ny teknologi og endringar i eigedomsmarknaden.

ÅKP StepUp- eit nytt avklaringsprogram for utvikling og vekst
ÅKP startar opp eit nytt StepUp- kull i april Er dette noko for di bedrift?


Invitasjon til temamøte for kommunedelplanen sin arealdel
Invitasjon til lokal byggenæring.
Korleis skal ørstasamfunnet sjå ut i framtida?

ÅKP StepUp- eit avklaringsprogram for utvikling og vekst
Skal di bedrift ta eit steg vidare?
No arrangerer ÅKP eit nytt StepUp- eit avklaringsprogram for utvikling og vekst!


Bustadmesse
På bustadmessa vil organisasjonar og firma stille med stand. Det blir enkel servering og tid til å slå av ein prat.

Digitalisering av kystnæringane
Data, høgkapasitetsberekningar og kunstig intelligens innan kystnæringane.

GIVE A JOB
Give a job er ei utvida jobbmesse for immigrantar, næringsliv og frivillige lag/organisasjonar på Søre Sunnmøre.

Bli med hjem Trondheim
Treng bedrifta di fleire tilsette? I Trondheim blir det arrangert “Bli med hjem”- messe der målet er å rekruttere nyutdanna, utflyttarar eller andre til å busette seg i fylket vårt.

Lysfest den 11.- og 12. November
Lysfesten har blitt eit årvisst arrangement som markerer starten på førejulstida.

Innovasjonsfestivalen 2022
Innovative løysingar for framtida vert skapt i møte mellom grunderar, nytt og eksisterande næringsliv.


Budsjettseminar med Adviso og First House den 6. Oktober kl 14-16
Kva vil statsbudsjettet ha å seie for næringslivet på Sunnmøre?


Naturfestivalen med Saudehornet rett opp
Naturfestivalen har vakse seg til eit stort arrangement, og kan by på eit breidt program med aktivitetar både for store og små. Saudehornet rett opp og Romedalscamp er nokre av dei årevisse aktivitetane.


Kurs i rådgjevarkontraktene Norsk Standard NS 8401 og NS 8402
Kurs i rådgjevarkontraktene Norsk Standard NS8401 og NS8402