SpareBank 1 SMN og SpareBank 1 Søre Sunnmøre inngår intensjonsavtale om samanslåing
Styra i SpareBank 1 SMN og SpareBank 1 Søre Sunnmøre har måndag 20. juni 2022 einstemmig vedtatt å inngå ein intensjonsavtale om å slå saman dei to bankane. Samanslåinga vil gjere det mogleg å satse endå tyngre på Sunnmøre og Fjordane, gjennom vekst og auka lokalt nærvære skriv Sparebank Søre Sunnmøre på si heimeside.