Heimeside for reiseliv og bulyst
Ørsta Næringskontor fekk i oppdrag frå reiselivsaktørane i Ørsta og Volda om å lage eit oppslagsverk som viser fram reiselivsnæringa og kva ein kan oppleve i området vårt. Ein informasjonskanal for turistane, men også for å hjelpe reiselivsaktørane til å kunne gje råd til sine gjestar.
På sida er det lagt opp ein aktivitetskalender med oversikt over kulturarrangement. I tida vi er inne i no så er nærturisme meir aktuelt enn nokon gong.
Ørsta og Volda har mange fellestrekk og samarbeidsområder, men er også ulike. Saman utfyller desse kommunane kvarandre. Ørsta og Volda har samla sett 22 000 innbyggjarar (og 3-4000 studentar 9 av 12 mnd i året) og er ilag den 4. største byen i Møre og Romsdal. Som eit resultat av grensejusteringa mellom Ørsta og Volda i 2020, fekk ein høve til å sjå infrastruktur, landskap og samarbeid på ein meir heilskapleg måte. Hjørundfjorden som er ein spydspiss innan reiseliv i området ligg i begge kommunane. Det er såleis naturleg å promotere reiselivet samla.
Det unike fjord- og fjellandskapet i Hjørundfjorden har eit landskapsområde som utmerkar seg i internasjonal målestokk. Reiselivsaktørane er mange og helst små, og ved å samle desse får ein lyfta alle aktørane som alle har noko unikt å by på. Mangfaldet er stort uansett alder og interesser. Opplevingsbaserte natur- og kulturopplevingar, lokal matkultur, gode hotell-, overnattings- og etestadar. Lavterskel vandre- og opplevingsturar, ekstreme toppturar sommar som vinter, to bygdebyar med urbane handelssentrum med gode restaurantar og mykje meir. Sist men ikkje minst dei vakre og små bygdesamfunna som ligg langs fjordane som har eit eige særpreg og med heilt unike kulturopplevingar.
Søkjemuligheitene på portalen kan avgrense søket til plassering, tema og årstid. Om ein ønskjer å sjå kva tilbod som er på td. Vartdal, kan ein skrive Vartdal i søkjefeltet.
Turistkontoret på Alti vil vere ein stad der turistane kan henvende seg om dei treng råd eller hjelp til å setje saman pakkar, korleis kome seg rundt i området, eller om dei treng gaidteneste.
Aktørane kan få plass under aktuelt dersom dei har større hendingar av allmenn interesse, og det vil i tillegg vere ei plassering som kan kjøpast. For dei som arrangerer konsertar, utstillingar eller liknande så treng må aktørane melde det inn til oss slik at vi får det med på kulturkalenderen.
For næringslivet øvrig som treng å rekruttere folk så er dette eit verkty for å vise kva anna som er å finne på dersom ein skal busetje seg her. Kvifor skal studentar velje Volda som studiestad, kva anna kan ein tilby her?
For at portalen skal vere oppdatert og levande så er vi avhengige av at aktørane melder om endringar og aktivitetar fortløpande.
Vi vonar at folk kan tipse oss dersom det er ting som skjer eller om det er noko som burde vere med på sida. Det er framleis litt som står att før vi er heilt i mål men tida gjorde at vi no måtte få ut sida no. Oppgraderingar kjem etterkvart. Sida vil verte tilgjengeleg både på engelsk og tysk så snart vi greier å få dette på plass. Det er øyeblikkeleg ferietid så det blir kanskje ikkje før i august. Likeeins skal det gjerast ein større jobb med søkjeoptimalisering. I mellomtida så vil det også hjelpe om bedrifter, kommunene og skulane m.fl. hjelper oss med å dele lenka.
Det er også laga ei instagramside orstavolda.no som vi håpar mange taggar når dei legg ut gode bilete frå området vårt.
Sharing is caring!