Brødr. Øyehaug i designfinale i New York.

NYExDESIGN Awards heiter konkurransen, som er ein prestisjefylt internasjonal designpris. Det er Brødr. Øyehaug produserer skåpa, og det er designar Andreas Bergsaker har designa skåpet Rundkast for familiebedrifta Fram Oslo. Systrene Sunniva og Annette Hoff, er opptekne av historia bak produkta dei utviklar. I ei verd som fløymer over av produkt, trur vi det er viktig å skape noko unikt, og som har ei spanande historie, med fokus på funksjon, og samstundes ha så høg kvalitet at det er skapt for å vare, uttalar Hoff.

Inspirasjon Rundkast

har lete seg inspirere av tradisjonsrik norsk møbelkunst frå 1700-tallet. Rundkast er ei nytolkning av det tradisjonelle bostkast som vart rekna som eit høgdepunkt innan møbelkunst på den tida. Det var ofte sett på små og store gardsbruk, ikkje minst i Gudbrandsdalen, då dette vart nytta som baderomsskap på den tida. Under kunne ein henge handkle, og i opninga kunne ein legge fra seg spenner, børster og kammar.  

Inspirert av dette historiske møbelet, er Rundkast eit moderne vegghengt skap, som er veleigna til bruk i ein gang, på kjøkenet, i soveromet eller andre stadar der eit praktisk lite hengeskap høver.

Bergsaker skal være til stades saman med Fram Oslo på ICFF, som går av stabelen frå 15.-17.mai.

Designer

Andreas Bergsaker er ein norsk designer med base i København. Bergsaker sitt design har vore utstilt både i London, Milano, New York, Oslo og Stockholm. Designet hans fokuserer på kvardagsprodukt, som byggjer på tradisjonelt handtverk og taktile kvalitetar.

 

Norsk Produksjon

Som alle produkt frå Fram Oslos er også Rundkast produsert i Norge. Fram Oslo er stolt over å kunne presentere eit nytt produkt, som er utvikla i tett samarbeid med designaren og norske produsentar. Rundkast er produsert hjå Brødr. Øyehaug, ei moderne familiebedrift i Ørsta med over 75 års erfaring med tredproduksjon, står det i pressemeldinga.

Foto: Inger Marie Grini

Foto: Ulrike Schlapka

Foto: Ulrike Schlapka

Foto: Ulrike Schlapka

Foto: Ulrike Schlapka

Forrige
Forrige

SpareBank 1 SMN og SpareBank 1 Søre Sunnmøre inngår intensjonsavtale om samanslåing

Neste
Neste

Fru Svendsen med ny eigar på plass.