Sommarstemning i gågata
Laurdag var det duka for festspelfrukost i gågata, og for ein dag dette vart!
Folk strøyma til for å kose seg ute i det fine veret under årets festspel. Det var rigga opp med standar, det var høgtlesing med Hilde Myklebust og besøk av Lurivar. Etterpå fekk barna vere med å teikne Ørsta si lengste teikning saman med Lurivar.
Ordførar Stein Aam opna kunstgata og det var underhaldning med Ørsta mannskor og Ørsta Hornmusikk.
Takk til sponsorar og frivillige som bidrog til den flotte stunda i gågata saman med Dei nynorske festspela/Aasentunet.
Sponsorar:
KIWI (Ivar Aasengata)- Westre Bakeri-Sparebank 1-Fru Svendsen-Meieriet