Korleis kan Ørsta sentrum bli betre? Sei di meining.

Har du lyst på gondolbane i Ørsta sentrum, eller kanskje eit oppvarma heilårsope fjordbasseng i sjøkanten? No kan du seie di meining og bli høyrd.

Synne Ulstein frå Ørsta studerer planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. No har ho praksis hjå Ørsta Næringskontor og ho vil gjerne ha innspel frå deg. Kva skal til for å gjere Ørsta sentrum meir attraktivt?

  • Synne har laga ei spørjeundersøking for at folk skal få vere med i kartlegging og utvikling av reiselivet og bulyst i tettstaden Ørsta. Her skal det vere attraktivt å bu og å kome på besøk, og det er viktig at folk skal få vere med å utvikle Ørsta, seier Ulstein.

  • Det blir ei kartlegging av eksisterande og nye opplevingstilbod. Kva kan innbyggjarane i Ørsta tenke seg av nye attraksjonar eller opplevingar, og kor nøgde er dei med eksisterande tilbod, infrastruktur og tilrettelegging av attraktive tilbod til turistane? Dette er sentrale spørsmål i undersøkinga, seier ho.

Fristen for å delta på spørjeundersøkinga er søndag 2. april.

Svar på spørjeundersøkjinga her

Ørsta småbåthamn Foto: ØNK

 

Forrige
Forrige

Sommarstemning i gågata

Neste
Neste

Opning av nytt tilbod ved Stødt