Saudehornet Rett Opp
Laurdag den 19. august er det nok ein gong klart for motbakkeløpet Saudehornet Rett Opp. Vermeldinga er med oss i år seier Odd Magne Vinjevoll ved Ørsta Næringskontor som saman med mellom anna Turistkontoret står bak arrangementet. I tillegg til motbakkeløpet, blir det i år Naturfest med aktivitetar på og ved utescena utanfor Stødt Kaffibar & Scene. Om kvelden blir det konsert med Tshawe og Yosef med duoen MADCON. TROYS & JIM varmar opp, og vil også spele etter at MADCON har avrunda sin konsert.
Frå målområdet på Saudehornet (foto: Tussa)
PROGRAM
Som tidlegare år, er det vår eminente konfransier Magne Johnny Krumsvik som skyt startskotet og loser oss gjennom dagen.
kl 0800-1030 Start mosjonsklasse
kl 0800-1030 Start barnetløp til Skåla (grindløda) Startskot kl 0930 for dei som vil vere med på fellesstart med “ekte” startskot
kl 1100 Start konkurranseklasse
kl 12.30 musikalsk innslag
kl 1300 - Lurivar, tunkatten som bur i Aasentunet kjem på besøk
kl 1400 - Politisk debatt
kl 1530 - Opptreden med Volda og Ørsta Ballettskule
kl 1600 - Premieutdeling
- Det blir litt musikalske innslag mellom programpostane
Ballongduden Lutz vil lage ballongkunst på Naturfest
DET BLIR OGSÅ:
- Møt Tare, maskoten til Sparebanken Møre
- Frisbeegolf
- Hoppeslott
- Ballongduden Lutz knyter ballongfigurar til barna
- Sal av sukkerspinn, vafler, popcorn
- Ulike standar/salsboder
-Stødt Kaffibar & Scene sel frukost og lunch (mellom kl 1000 og 1600)
-Handballgruppa sel grillmat ved Stødt
- Tare, maskoten til Sparebanken Møre kjem på besøk
Monica Iren Solvang (foto: privat)
MOTBAKKELØPET SAUDEHORNET RETT OPP
Ei av dei som skal vere med på løpet er Monica Iren Solvang frå Ørsta. I skrivande stund finpussar ho forma og sonderer løypa. Solvang starta med motbakkeløp for 3-4 år sidan. Etter dei gode resultata ho kunne vise til, vart ho plukka ut til å delta i motbakke-VM i Thailand der ho fekk 33. plass. No oppmodar ho alle til å bli med på Saudehornet Rett Opp- uansett form! Ein treng ikkje vere i god form, og ein treng ikkje å springe for å delta.
Ambassadør for Alpetrippelen
Alpetrippelen er ein cup med 3 motbakkeløp som gjev felles premiering for dei som har dei beste tidene samanlagt. Monica er ambassadør for cupen. Alle løpa har dame- og herreklasse både for dei som deltek i konkurranse- og i mosjonsklassa. Skal ein delta på cupen, er Saudehornet Rett Opp det fyrste løpet. Deretter er det Melshornløpet og Saksaløpet Urke Challange.
Alt ligg altså til rette for ein stor-dag for alle og ein kvar!