Møte med SMB Norge

I samband med folkemøtet i Fosnavåg der temaet var formuesskatt på arbeidande kapital, kom SMB Norge for å støtte opp om saka og for å lage podcast . Vi på Ørsta Næringskontor ville gjerne vite litt meir om interesseorganisasjonen og korleis dei jobbar. Adm. dir. Jørund Henning Rytman og podcastansvarleg Klaus Jakobsen fortalte både om kva bakgrunn dei har og korleis dei jobbar for at bedriftene skal få betre vilkår.

SMB Norge er ein interesseorganisasjonen for alle små og mellomstore bedrifter i Norge. Kring 5600 bedrifter er medlemmar. Organisasjonen har eit aktivt partipolitisk program og kjempar for betre vilkår til medlemsbedriftene. Både Rytman og Jakobsen har politisk bakgrunn. Jørund Henning Rytman har 12 år bak seg på Stortinget for Buskerud Frp der han sat i Stortingets finanskomitè frå 2005-2013. Vidare sat han i Stortingets næringskomitè frå 2013-2017 då han starta i SMB Norge. Klaus Jakobsen var ungdomspolitikar på 80- og 90-talet og han var leiar i Framskrittspartiets ungdom i 1995-1996. No er han medlem i Sandefjord Venstre.

Fanesaker som er høgt prioritert er formuesskatt på arbeidande kapital og sjukelønsordninga. Dei generelle rammebetingelsane for næringslivet har vorte betydeleg svekka. Uforutsigbarheit med auka arbeidsgjevaravgift på lønningar over kr 850 000,-, høgt skattetrykk og høge straumprisar er blant dei viktige sakene som dei jobbar med til dagleg. SMB Norge er ein tydelig interesseorganissajon som ønsker å utfordre politisk og vere ein forkjempar for dei små og mellomstore bedriftene. Høyr gjerne podcasten deira som har vorte svært populær.

Du kan lytte til podcasten frå Fosnavågen her

Podcastepisoden frå pressekonferansen til Lars Oscar Øvstegård vedr. formuesskatten på arbeidande kapital her

F.v. Sigrun Heltne Vartdal, næringssjef Ørsta Næringskontor, Dag Inge Ulstein, leiar Krf (var ikkje til stades på møtet), Klaus Jakobsen, Podcastansvarleg SMB Norge, Anne-Britt Aambø Hallaråker, Prosjektleiar Ørsta Næringskontor og Jørund Henning Rytman, Adm. dir. SMB Norge.

Les meir om SMB Norge her

Forrige
Forrige

Kraft Finans, vår nye medlemsbedrift.

Neste
Neste

Landbrukskonferansen 2024-Mat i framtida-treng vi matproduksjon i Norge?