Landbrukskonferansen 2024-Mat i framtida-treng vi matproduksjon i Norge?

Fredag den 6. desember blir ein stasdag for landbruket og andre som er engasjerte i matproduksjon og matsikkerheit. Vi har fått på plass eit sterkt program som vi trur vi engasjere mange.

Kathrine Kinn (f. 1992) er gardbrukar i Telemark . Ho har eit stor engasjement for bonden generelt, særskilt dei aller minste gardsbruka. I Vest-Telemark er ho i ferd med å bygge opp ein liten gard i tillegg til å jobbe som fagrådgjevar i Norsk Bonde- og småbrukarlag. Kathrine er forfattar av boka "En Bondefortelling - om livet på eit lite gardsbruk og framtida til norsk landbruk". Ho skriv fast i Klassekampen om jordbruk. I 2019 leverte Kathrine mastergrada si i sosiologi om strukturutviklinga i fjellandbruket.

Kathrine Kinn (Foto: privat)

Erling Gresseth- Storfebonde i Hegra i Stjørdal, Styreleiar i Tyr og medlem i Grovforalliansen. Driv med ammeku og eggproduksjon.  Lang erfaring som tillitsvalgt i TYR, og styreleiar i TYR frå 2019. Bidrog sammen med Geno og Norsk Sau og geit til etablering av Grovfôralliansen.

Erling Gresseth (privat)

Tor Jacob Solberg- Leiar i Norges Bonde- og småbrukarlag, styreleiar i Stiftelsen Norsk mat og mjølkebonde i Skiptveit i Østfold. Han vart kåra til årets unge bonde i 2014.

Tor Jacob Solberg- Leiar i Norsk bonde og småbrukarlag

Bjørn Gimming- Leiar i Norges Bondelag

Driv korn- og kjøtproduksjon i Tistedal i Østfold. Fagområde er jordbruksforhandlingane, maktforholda i verdikjeda for mat, marknadsordningane, overordna politiske prosessar og mediearbeid/kommunikasjon, revisjon av gjødselforeskrifta og tamreinkonflikt.

Bjørn Gimming- leiar i Norges Bondelag (Foto: privat)

Arne Hjeltnes- Arne Hjeltnes har arbeidd med norsk mat, sidan han møtte Arne Brimi i 1994.

Gjennom fleire tv-seriar som bl.a. ; Gutta På Tur og Det Norske Måltid  har han satt fokus på dei gode norske råvarene. Han har skrive 25 bøker fleire av dei om norsk mat som t.d. «Yst!» om norske lokale ostar saman med Morten Krogvold.

Arne Hjeltnes fekk Det Norske Måltids hederspris i 2023 og er i år nominert til Ingre Espelids Matpris. Han har arbeidd for norsk fisk i Asia og vore turistsjef for Noreg i Amerika.For tida lagar  han ein tv-serie om Noreg for amerikanske PBS, som naturleg nok og lyfter fram norsk matkultur.

Arne Hjeltnes- Norsk journalist og forfattar (Foto: privat)

Robert Mood er mest kjend som generalløytnant i Forsvaret, han har leia internasjonale  FN operasjonar og oppdrag for NATO. Han bidreg framleis med kunnskapen sin både i media og ved internasjonale kriser. Dei siste åra er han nok mest kjend som  generalsekretær i Norges Røde Kors. Ingen kan tvile på Mood sitt engasjement  – han seier det så sterkt : Det handler om framtida til Norge! Dette er eit foredrag ikkje berre dei som jobber i landbruket bør få med seg.

Robert Mood- pensjonert general frå Forsvaret og Norges Røde Kors (foto: privat)

Debatt:

Er talgrunnlaget som er lagt til grunn for landbruksoppgjeret godt nok?

Arne Hjeltnes leiar debatten.

Det blir servert ein nydeleg julelunch med pinnekjøt, julepølse, poteter, kålrabistappe og raudkål hovudsakleg basert på lokale råvarer. Det blir også dessert. Elevar ved Ørsta vg. Skule restaurant og matfag vil stå for maten.

Billettpris kan kjøpast gjennom Ørsta kulturhus sin nettstad kr 450,- + gebyr kr 25,-

Kjøp billett her

Takk til sponsorane:

Forrige
Forrige

Møte med SMB Norge

Neste
Neste

Høgre-leiar Erna Solberg besøker episenteret for opprøret mot “monsterskatten”