Kraft Finans, vår nye medlemsbedrift.

Kraft Finans er eit landsdekkande, ikkje-bankavhengig finansselskap etablert i 2014 som mellom anna driv med investeringsrådgjeving og formuesforvaltning. Saman med kundane deira legg dei ein plan for å forvalte midla på ein fornuftig og god måte, og som reflekterer kundane sine ynskje, behov og målsetjingar. Dette er ei teneste selskapet tilbyr alle som har midlar til overs, og på kundelista vår finn dei både privatpersonar, selskap, stiftingar, kommunar og ideelle organisasjonar. I dag har dei 51 tilsette fordelt på 7 kontor, som betener over 3000 kundar med over 10 milliardar kroner under forvaltning. Ein av fordelane til Kraft Finans (i tillegg til personleg og skreddarsydd oppfølging) er at dei kanskje har den største verktykassa av plasseringsprodukt og tenester som er tilgjengelege i marknaden. Dei har òg eigne fond (Kraft Fondene) som dei er svært stolte av.

 Ålesund er eitt av dei sju regionskontora i Noreg, og her jobbar Bjørnar Vartdal, John Jørgenvåg og Henrik von Ubisch. Dei er svært opptekne av å vere til stades lokalt og har difor etablert eit eige møtekontor i Ørsta sentrum, som blir ivareteke av Bjørnar og Henrik.

 Litt relevant og utvald erfaring frå dei som jobbar i regionen:

   •      Bjørnar Vartdal har lang fartstid som seniorrådgjevar for næringsliv i Sparebanken Møre. Han har òg jobba som aksjemeklar i DNB.

   •      Henrik von Ubisch har erfaring som finansrådgjevar i Sparebanken Møre og som prosjektansvarleg i Markets i same bank. I tillegg har han vore Finance Manager i Borgstein-konsernet og Island Offshore. Han jobba i Kraft Finans frå 2022, før han i ein kort periode var leiar for kapitalforvaltning i Sparebank 1 SMN frå hausten 2023 til hausten 2024. Han har no kome tilbake til Kraft Finans.

   •      John Jørgenvåg (dagleg leiar på Ålesund-kontoret) har mellom anna erfaring som banksjef i Sparebanken Møre, aksjemeklar i DNB og som rådgjevar i Ørskog Sparebank.

 Lenke til nettstaden deira her


Vi ønskjer Kraft Finans velkomen på laget!

F.v. John Jørgenvåg, Dagleg leiar, Bjørnar Vartdal, Formuesforvaltar, Henrik Von Ubisch, Formuesforvaltar.


  • Ørsta Næringskontor

Forrige
Forrige

Samarbeidsmøte mellom Ørsta kommune og næringslivet på Vartdalsstranda

Neste
Neste

Møte med SMB Norge