TUSSA IKT
og AXBIT inngår strategisk samarbeidsavtale
Dei to IT-selskapa utfyller kvarandre, og saman vil dei levere software og IKT-tenester til kundar regionalt og nasjonalt.
Intensjonen er å utvikle felles kundetenester og ha eit større produkt og tenestespekter. Selskapa vil tilby skreddarsaum og hyllevare innan teknologisk infrastruktur, IT-drift, IT-sikkerheit, softwareutvikling og integrasjon med Microsoft 365-tenester og andre softwareplattformer.
- Samarbeidet kjem kundane til gode gjennom langsiktige og trygge kundeforhold, der begge selskapa vil bidra i heile utviklingsløpet for kunden. Vi vil saman bidra til at regionale og nasjonale kundar blir digitalt og teknologisk sterkare rigga og meir innovative i både drifta si og den vidare utviklinga, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
Samarbeidsavtalen vart signert 29. august. No planlegg selskapa fleire arrangement. Det første er under Hub for Ocean i Florø 14. september. 5. oktober inviterer dei til kundearrangement i Molde.
- Axbit og Tussa IKT utfyller kvarandre og operer i same marknadsområde, men utan å vere konkurrentar. No ser vi fram til å møte nye og eksisterande kundar, og saman bidra til innovasjon og utvikling, seier Roy Gurskevik, dagleg leiar i Axbit i ei pressemelding.
Ivar Driveklepp, adm.dir. i Tussa IKT og Roy Gurskevik, dagleg leiar i AXBIT med nysignert samarbeidsavtale