Samarbeidsmøte mellom Ørsta kommune og næringslivet på Vartdalsstranda

Torsdag ettermiddag var det invitert til samarbeidsmøte på det nye klubbhuset på Vartdal stadion.

Sindre Vartdal ønskte på vegne av næringslivet ordførar, kommuneadministrasjon og andre politikarar velkomne til informasjon og dialog på «det flottaste klubbhuset mellom  Bergen og Trondheim». Klubbhuset som vart opna i haust er eit resultat av  samarbeid mellom næringsliv og bygdefolket. «Det har vore jobba over 3000 dugnadstimnar på huset og det har vore aktivitet 7 dagar i veka» med dette opna  Vartdal møtet.

Sindre Vartdal

Ønsket var å få vise fram alt som skjer på Vartdalstranda og at bygdene er i vekst, og for ei gullrekke av bedrifter!

Ode, Mowi, Måsøval, Aqua Gen, Coop, Roth Daglegvarer, Øye Maskin, Vartdal Gjennvinning, Bacalaofabrikken, Vartdal Plastindustri var mellom bedriftene som presenterte seg , ei imponerande samling bedrifter  som står for eit stort antall tilsette og ei enorm verdiskaping. Desse bedriftene sysselset arbeidstakarar frå heile regionen og dei var opptekne av at ein må sjå heile kommunen under eitt når ein skal gjere det attraktivt både å busette seg og starte verksemd i området .

Aqua gen-Profunda

I presentasjonane sine tok dei fram kor viktig det er å ha lokal arbeidskraft, tilgang på tomter og bustader, skule og barnehage.  I tillegg var bedriftene opptatt av energisituasjonen og  tilgang på kapasitet framover . Fleire bedrifter har utvidingsplanar og inviterte kommuneadministrasjonen til å vere enda tydligare på at skulen og barnehagen har livets rett og at nedleggingsspøkelset ikkje er positivt for omdømme til bygda. Kommunedirektør Wenche Solheim var tydelig på at det ikkje ligg føre planar om nedlegging, men i ein pressa økonomi må alle steinar snuast, sa ho.

Roth daglegvare

Ordførar Per Are Sørheim fekk så ordet og hadde ein fyldig og god presentasjon om kva utfordringar kommunen står overfor både når det gjeld økonomi og demografi. Han var likevel klar på at det vert jobba godt og strategisk for å legge til rette for næringsutvikling, areal for næring og bustadtomter og for å sikre bedre samferdsel. Omstilling er krevande og dette la han ikkje skjul på .

Ordførar Per Are Sørheim

Det var ein god tone  i møtet der fleire meinte at slike møteplassar var svært nyttige – Vartdalingar er handlekraftige så det vart til og med lufta konkrete byggeplanar i møtet, det blir spanande å følge med.

Gjennom informasjon, dialog og samhandling er det mykje ein kan greie å få til. Det er Vartdalstranda er eit godt eksempel på. Dette blir nok ikkje det siste samarbeidsmøte i regi av næringslivet langs stranda.

Måsøval

Forrige
Forrige

Oppstart av nettverket næring og læring.

Neste
Neste

Kraft Finans, vår nye medlemsbedrift.