Oppstart av nettverket næring og læring.
Tysdag 25. februar vart det fyrste nettverkstreffet for "Næring og læring" halde på Volda samfunnshus. Det overordna målet for nettverket er å utvikle meir næringsvenlege kommunar, noko som krev planmessig arbeid og godt samarbeid.
På møtet var hovudfokuset på forsking, plan- og bygningslova, planstrategi og god arealbruk.
Fem kommunar deltok på treffet: Ørsta, Volda, Stranda, Sula og Giske. Frå Ørsta møtte ordførar Per Are Sørheim, kommunedirektør Wenche Solheim, tenesteleiar Johnny Riise og dagleg leiar ved Ørsta Næringskontor, Sigrun Heltne Vartdal.
F. v. Ordførar Per Are Sørheim, tenesteleiar Johnny Riise, Kommunedirektør Wenche Solheim og Næringssjef Sigrun Heltne Vartdal.