Alle Oslorutene ved Hovden på plass

Ørsta/Volda Lufthamn Hovden har endeleg fått att alle dei seks direkterutene mellom Hovden og Oslo. Hovden er den kortbaneflyplassen i Norge med best fyllingsgrad. Gjennom FOT-rutene (staten kjøper opp eit visst antal flyseter) sikrar eit godt flytilbod ved Hovden. Gjennom den statlege ordninga har billettane vorte noko rimelegare, og prisane har vorte nedjustert med 10-20 prosent.

Odd Magne Vinjevoll, næringssjef ved Ørsta Næringskontor er sekretær for Utviklingsforum Ørsta/Volda Lufthamn Hovden. Han seier dei har jobba mykje med å få attende dei subsidierte rutene.

Ei rute som lenge har vore etterspurd av næringslivet, er eit fly som har avgang kvardagar frå Gardermoen kl. 08.25. Første avgang frå Hovden til Gardermoen vert kvardagar klokka 06.10, etterfulgt av 09.50, 10.25, 13.15, 16.15, og 21.10. I helgane vert det tre rundturar til Oslo laurdagar, og fire søndagar. I tillegg til dette kjem dei to daglege rutene til og frå Bergen, samt avgangar med mellomlandingar i Sogndal/Sandane.

Både for næringslivet og dei statlege institusjonane på Søre Sunnmøre har dette stor betydning. Det er no enklare å få besøk av samarbeidspartnarar, bedrifter, foredraghaldarar som kan reise til og frå same dag, noko som er av stor samfunnsøkonomisk betydning.

Frå Hovden til Sør-Europa

No blir det enkelt å kome seg til Sør-Europa frå Hovden. Widerøe har auka tilbodet sitt og satsar på flygningar mellom Bergen og fleire destinasjonar. Du kan reise både til Palma de Mallorca, Nice, Firenze og Alicante i sommarsesongen. Det er sett opp heile 3 avgangar til Alicante pr. veke i sommarmånadane i tillegg til kvar laurdag heile året.

Flyrute mellom Hovden og Trondheim

Noko Utviklingsforum arbeider mykje med, er å få på plass eit rutetilbod mellom Hovden og Trondheim. Det har vore ein stor auke i ambulansetrafikk, pårørandereiser og reiser i tilknytning til kontrollar til St. Olavs hospital. Odd Magne Vinjevoll ønsker å få på plass ei morgon- og ei kveldsrute. Dette vil også bidra til gode flyforbindelsar vidare nordover.

Forlenging av Torvmyrvegen

Det trafikkerte krysset ved E-39 har i lang tid vore ei stor utfordring. I industriområdet i Torvmyra er det omlag 600 tilsette. VØR trafikerer til og frå området med sine bilar, det er pasientar som skal til og frå legevakt, utrykkingskøyrety frå ambulanse og politi, og sjølvsagt reisande til og frå flyplassen. Behov for tilrettelegging har lenge vore etterspurd. Aktørane i området, inkludert Avinor og Widerøe har lenge etterspurt ei forlenging av Torvmyrvegen. Ved å kople på den 4. armen i rundkøyringa i Furene vil ein få løyst logistikkutfordringane. På det viset får ein på ein god måte knytt dei to industriområda saman. Det er mykje å tene på dette seier Odd Magne Vinjevoll.

Dei seks daglege direkterutene frå Hovden til Oslo er på plass att frå 1. April. I tillegg er det tre rundturar laurdagar og fire søndagar til Oslo, samt to daglege ruter til Bergen. Ein har også mellomlandingar til Sandane og Sogndal.

Foto: Avisa Møre

Forrige
Forrige

Noreg sitt einaste Relais & Chateauxhotell.

Neste
Neste

“Foundraiser for Startups”