Høgre-leiar Erna Solberg besøker episenteret for opprøret mot “monsterskatten”
Høgre-leiar Erna Solberg og eit knippe fylkestingpolitikarar var på bedriftsbesøk i sjølve “episenteret” der den tyngste kampen mot formuesskatt på arbeidande kapital går føre seg. Fyrste stopp var hos Ålesundsbedrifta Spilka Industrier AS, der Terje Bøe snakka om konsekvensane av skatten for bedrifta. Vidare gjekk turen til Lars Oscar Øvstegård som eig firmaet O. Øvstegård på Strømpeneset i Ørsta.
Statsministerkandidat for Høgre, Erna Solberg og Terje Bøe, Spilka Industrier AS
Under besøket på Spilka Industrier AS i Ålesund, fekk Erna høyre korleis "monsterskatten" skadar norskeigde bedrifter og korleis dette fungerer i praksis. Skatten favoriserer utanlandske investorar medan norske eigarar får dårlegare konkurransevilkår.
Lars Oscar Øvstegård tok vel imot Høgre-leiaren på Strømpeneset torsdag morgon. Han uttrykte stor frustrasjon over skatten som spesielt råkar små og mellomstore, norskeigde bedrifter. Han fortalte kort korleis skatten gjev stadig større utfordringar, og hemmar utviklinga. Det er ikkje berre her i Ørsta konsekvensane gjer seg gjeldande. Statistikken viser at det er ein markant nedgang i investeringar over heile landet, noko som også påverkar frivilligheita i lokalsamfunna. Den konkurransevridande skatten skaper også problem når det kjem til arbeidskraft då dei norske eigarane ikkje har høve til å konkurrere på løn. Ei heller kan dei konkurrere på pris ut mot kunden. Norskeigde bedrifter blir oppkjøpte av utanlandske investorar. Desse har ikkje lokal tilknytning eller interesse for bygdesamfunna. Ringverknadane er allereie godt merkbare, og verre vil det bli.
Framme f.v. Sigrun Heltne Vartdal, Ørsta Næringskontor, Monica Molvær, varaordførar i Ålesund, Erna Solberg, Høgreleiar, Lars Oscar Øvstegård, O. Øvstegård og Anders Riise, Fylkesordførar Høgre. Bak: Rune Hovde, Ørsta Høgre.
Fylkesordførar frå Høgre, Anders Riise og Næringsjefen ved Ørsta Næringskontor, Sigrun Heltne Vartdal kom også med oppmoding til Erna om at formuesskatten må bort. Lars Oscar Øvstegård har lånt 1 million kroner for å få kjent formuesskatten på arbeidande kapital ugyldig i retten. Han har også samla inn over 700 000,- i ein spleis frå andre engasjerte. Kampen tek han på vegne av alle små og mellomstore norskeigde bedrifter som utgjer om lag 98 prosent.
Erna Solberg fekk spørsmål om korleis den sittande regjeringa tenkjer når dei innfører ei så stor skattebyrde på næringslivet? Ho svara då at det kan verke som regjeringa er “oljedopa” og blinda av eigen retorikk. Ho var tydeleg på at Høgre vil kjempe for å få skatten fjerna.
Etter møta fekk Erna med seg ein omfattande rapport som viser korleis formuesskatten skapar ubalanse i konkurransevilkåra mellom norskeigde og utanlandskeigde bedrifter. Rapporten er utarbeidd av Professor ved det juridiske fakultet i Oslo, Mads Andenes, Professor Carl Baudenbacker, lengstsittande dommar i EFTA-domstolen og president for konkurransekommisjonen i Sveits, Laura Baudenbacker. Rapporten vil vere grunnlaget i rettssaka mot Staten.
Lars Oscar Øvstegård nytta høve til å be Erna presse på for at NRK skal invitere SMB-eigarar til debatt. Fram til no har debattane vore ein milliardærdebatt. I realiteten er det dei små og mellomstore bedriftene som er hardast råka. Likevel blir dei haldne utanfor debatten.
Bodskapen til Erna var klokkeklar; skal ein sikre ei berekraftig framtid for norsk eigarskap og vekst i norske lokalsamfunn må denne "monsterskatten" bort. Erna forsikra at Høgre er klare til å ta kampen.
Tysdag den 22. oktober vil engasjerte bedriftseigarar, politikarar og bygdefolk strøyme til Fosnavåg og Horisont. Der blir det møte om formuesskatten på arbeidande kapital. Arrangementet er ope for både næringslivsaktørar og andre engasjerte.