Økonomisk støtte til miljøfyrtårnsertifisering

Miljøfyrtårn er eit konkret verkty som kan hjelpe verksemder med grøn omstilling. Det blir stilt stadig større krav om å dempe miljøavtrykket. Sertifisering gjev bedrifter auka konkurransekraft og står sterkare i anbodsprosessar. Gjennom ein miljøsertifiseringsprosess får du god oversikt over dei viktigaste miljøaspekta i verksemda. Du får også innsikt i kva som kan gjere for å redusere klima- og miljøutsleppa.

Nyleg har Sparebank1 Midt lansert ei støtteordning for små og mellomstore bedrifter i Midt-Norge for å gjere bærekraftarbeid enklare. Støtteordninga gjeld bedrifter med ein omsetnad på inntil 50 millionar. Bedrifter kan få inntil kr 30 000,- i stønad for å bli miljøsertifisert. Støtten kan dekkje oppstartskostnader, bruk av konsulent og sertifisør. Bedrifta står fritt til å velje konsulent, men forutsetnaden for at du nyttar ein lokal konsulent for å støtte lokalt næringsliv.

Les meir

Konsulent og Sertifisør

Om du ønskjer å miljøsertifisere di bedrift tilbyr ma. Erlend Krumsvik ved Sunnmøre kulturnæringshage miljøsertifisering.

Kontakt:

Tlf: 410 40 838

Les meir

Mariann Eik ved Nordconsult er sertifisert revisor og kan foreta ein uavhengig revisjon.

Kontakt:

E-post: me(at)nordplan.no

Tlf. 99395903

Les meir om Miljøfyrtårn og liste over konsulentar og sertifisørar her

Forrige
Forrige

Høgre-leiar Erna Solberg besøker episenteret for opprøret mot “monsterskatten”

Neste
Neste

AT-Lift og Maskinutleige