Korleis vil endringane i krava til berekraftsrapportering påverke arbeidet i di bedrift?
26. februar føreslo EU-kommisjonen å utsetje rapporteringskrava og endre reglane slik at færre bedrifter blir ramma. Samstundes legg EU større fokus på frivillig rapportering. Kva betyr dette eigentleg for norske bedrifter?
Berekraftsrapportering blir stadig viktigare, og nye krav set bransjane overfor betydelige endringar. På dette seminaret får du oversikt over regelverket, korleis bedrifta di kan strukturere rapporteringa på ein effektiv måte, og tips til innsamling av ESG-data. Dette er ein unik moglegheit til å forstå kva berekraftsrapportering inneber for bedrifta di, enten du skal rapportere i henhald til CSRD eller blir indirekte påverka av krava. Du får innsikt i korleis du kan sikre at rapporteringa oppfyller både regulatoriske krav og forventningar frå leverandørar og samarbeidspartnarar.
Praktisk tilnærming
ADVISO v/ Oda Ørmen Vinjevoll Karina Mauren og Even Langseth vil gi ein overordna innføring i EUs CSRD-direktiv og andre relevante lover og reglar. Dei vil også belyse korleis berekraftsrapportering formaliserer seg i kontraktar, Code of Conduct og korleis manglande oppfølging kan medføre styreansvar for den enkelte.
BDO v/ Øystein Omvik og Iver Lande Kvalsvik tek deg gjennom prosessen med å implementere og strukturere berekraftsrapporteringa. Dei vil vise korleis fleire i organisasjonen kan involverast for å sikre ein grundig og trufast rapportering, samt moglegheita for mindre organisasjonar å samarbeide med andre aktørar i bransjen.
Metizoft v/ Marthe Vågsholm Sævik fokuserer på korleis du kan samle inn og systematisere data ved hjelp av programvareløysingar. Du får råd om verktøyet og korleis du kan bruke eksisterande informasjon meir effektivt.
Påmelding seinast mandag 31. mars kl 1000 her