Den 6. og 7. desember blir det arrangert konferanse om data, høgkapasitetsberekningar og kunstig intelligens innan kystnæringane. Det er det nasjonale kompetansesenteret for HPC (NCC) som samlar kystnæring, klynger og tenestetilbydarar til to spanande dagar som er sett av til å snakke om innovasjon og vekst.
Det nasjonale kompetansesenteret HPC er eit samarbeid med Sigma2, SINTEF og NORCE. Dei hjelper små og mellomstore bedrifter til å bli meir effektive og innovative, og er ein viktig inngangsport til avansert teknologi for industri og offentleg forvaltning.