Grøn energi til oppdrettsnæringa
Oppfinnar Bjørn Helset kan sjå seg godt nøgd etter to år med utprøving av det flytande “SUB Solar ™ floating systemet” han har jobba med. Kraftverket har vore til utprøving ved oppdrettsanlegget Hofseth Aqua. No er den fyrste komersielle bestillinga produsert og seld til Gadus group. Det flytande solcellekraftverket skal gjere oppdrettsnæringa grønare. Oppfinnaren meinar at han foreløpig berre pirkar borti overflata, men marknaden er stor— om han lukkast.
Det var i 2009-2010 begynte Bjørn å interessere seg for energi. Det starta med små vindturbiner, men risikoen for stor og det gjekk over ende.
Etter vind kom sol. Ei stund var Nord Trøndelag energi samarbeidspartner. Etterkvart ønska Helset å finne ein grøn og effektiv måte å produsere energi på for oppdrettsnæringa. Næringa må ofte nytte dieselaggregat som energikjelde då det ikkje er tilgong på landstraum mange stadar der anlegga ligg.
Etterkvart som han skaffa seg kunnskap og det vart utvikla ny og betre teknologi på marknaden, kom han fram til eit flytande system med fleksible solcelleelement.
Til anlegget er det nytta utdaterte fiskemerder, og botnen av merda blir dekt med ein PWC-duk. Oppå duken ligg solcellepanel som er dekt av ferskvatn. Det at kraftverket er flytande gjer det enkelt å flytte når anlegget skal flytte til annan lokasjon.
Med seg på laget har Helset firmaet Inseanergy. Dei nyttar firmaet Plany som produserer eleme sal av nyvinninga. Oppfinnaren eig patenta, og planen er å vidareutvikle og skape nye patent.
Inseanergy har no fått ordre på eit mykje større energikraftverk som skal til Trøndelag, og fleire ordrer er på veg.
Med det nye solcellekraftverket, kan oppdrettsnæringa sjå fram til ein grønare kvardag.