Gjeve prisar til Ørsta-Meieriet
Ørsta-meieriet stakk av med to æresprisar på International Food Contest i Herning i Danmark. Ærespris er den høgaste utmerkinga ein kan oppnå der.
Det fortel TINE i ei pressemelding.
Bente Reklev tok imot æresprisen for Snøfrisk på vegner av TINE Meieriet Ørsta. Reklev er produktrådgjevar i TINE. Søren Jensen, formann i utstillingsutvalet, delte ut prisane. Foto: Tine