Bærekraft til frukost

Adviso, BDO og Ørsta Næringskontor inviterte til frukostseminar for å gi bedriftene innsikt i dei komande endringane innan ESG-rapportering.

Kva er ESG?

  • Environmental (Miljø): Klimagassutslepp, ressursbruk, fornybar energi, avfallshandtering og biologisk mangfald.

  • Social (Samfunnsansvar): Arbeidsvilkår, menneskerettar, likestilling, mangfald og tryggleik for tilsette.

  • Governance (Selskapsstyring): Styresett, etiske retningslinjer, antikorrupsjon, risikostyring og openheit.

Karina Kviebakk Mauren og Oda Ørmen Vinjevoll frå Adviso. Foto: ØNK

Nyheiter om Openheitslova

  • Endringar i lova, inkludert nye reguleringar for ESG-rapportering og styret sitt ansvar.

  • Fokus på kontraktsarbeid og kommersielle forhold.

Oppheving av vedtak ved brot på Openheitslova

  • Forbrukartilsynet ila ei bedrift eit gebyr på kr 450 000,-, men Marknadsrådet oppheva det etter vurdering av gjentekne brot og subsidiære tiltak.

ESG- og bærekraftsrapportering

  • ESG-rapportering manglar standardisering, medan EU-lovgitt bærekraftsrapportering gir meir samanliknbart innhald.

  • EU planlegg frå 2025 å redusere rapporteringskrav for å styrke konkurransekrafta, men dette påverkar berre store selskap.

Even Langseth, Adviso Foto: ØNK

Øystein Omvik, Leiar for bærekraft NordVest, BDO. Foto: ØNK

Konsekvensar for Noreg

  • Nye EU-reglar er implementerte i rekneskapslova, og styret har større ansvar.

  • Styremedlemmar kan få personleg ansvar, og manglande kompetanse gjev ikkje fritak.

Rapporteringsprosess og tidsfristar

  • Steg: Velje rammeverk, vesentlegheitsanalyse, datainnhenting, rapportering, attestasjon og forbetring.

  • Frå 2025: Store føretak må rapportere.

  • Frå 2026: Noterte små og mellomstore føretak blir omfatta.

  • Unntak for små bedrifter utan vesentleg miljøpåverknad.

ESRS – Overordna rapporteringsstandardar

  • ESRS 1: Generelle rapporteringskrav.

  • ESRS 2: Informasjon om strategi, forretningsmodell og påverknad.

  • Ti temaspesifikke standardar innan miljø, sosialt ansvar og verksemdsstyring.

Strategiske val for styret

  • Rapportering kan vere ein konkurransefordel, ikkje berre eit krav.

  • Bør integrerast i strategiske beslutningar og baserast på anerkjende metodar.

Bærekraftsrapportering – utfordringar og moglegheiter

  • Leverandørar må rapportere karbonutslepp, energiforbruk, vassforbruk og avfall.

  • Rapportering gir konkurransefordelar, men har også utfordringar som krav frå kundar og finanssektoren.

Forventningar til framtida

  • Finansdepartementet vil oversette standardane innan våren 2025.

  • Endringar er venta, og bedrifter bør kartlegge kva informasjon bankar og kundar etterspør.

Hovudbodskapen er at sjølv om rapporteringskrava kan vere krevjande, ligg det store moglegheiter i strategisk bærekraftsarbeid.

Iver Lande Kvalsvik, bærekraftsmanager, BDO. Foto: ØNK

Vi takkar Adviso og BDO for eit lærerikt og bærekraftig frukostmøte!

Forrige
Forrige

UKL- midlar

Neste
Neste

Talent Sunnmøre 25/26