UKL- midlar

UKL Hjørundfjorden og Norangsdalen 2025

Årets løyving frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal til UKL, er på kr 760 000,-

40 % av årleg løyving (kr 304 000,-) skal gå til eingongstiltak / investeringstiltak. I tillegg er det inndrege kr 68 700,- av tiltak som ikkje er gjennomført.

Totalt kr 372 700,- til fordeling. Søknadsfrist 15. april 2025.

 

Foto: Arnold Hoddevik, Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Det kan søkjast tilskot til tiltak innan:

  • Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne

  • Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av areal

  • Nødvendig planlegging av tiltak / prosjekt

  • Formidlingstiltak

  • Kartlegging og dokumentsjon av landskapsverdiar

  • Tilrettelegging for ferdsel (stirydding, rydding av gamle vegar)

  • Gjennomføring av arrangement, kurs, fagdag eller liknande

  • Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga

 

60 % av årleg løyving (kr 456 000) skal gå til areal- og beitetilskot. Søknadsfristen for areal- og beitetilskot er 15. september.

 

Meir informasjon om UKL tilskotet finn de på heimesida til Ørsta kommune:

https://www.orsta.kommune.no/naring/landbruk/ukl-utvalde-kulturlandskap/

 

Dei siste åra har vi gitt tilskot til restaurering av bygningar, rydding av nytt beite og innkjøp av elektroniske bjeller (type Nofence) m.m. Vi oppfordrar til at søknadane blir sendt inn elektronisk, men tar også imot søknader på papir. Det viktigaste er å få fram gode prosjekt som tek vare på kulturlandskapet.

For meir informasjon, kontakt:

Jan Endre Nesdal

rådgjevar

Landbruk Ørsta Volda

 Mobil

  90255815

E-post

   jan.endre.nesdal@orsta.kommune.no

Web

  www.orsta.kommune.no

 



Neste
Neste

Bærekraft til frukost