Ny tildeling av kommunale kompensasjonsmidlar
Ørsta kommune har fått tildelt ytterlegare kr 708.000 av statlege midlar for å avhjelpe situasjonen i lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak knytt til korona.
Søknadsfrist er måndag 31. januar 2022.
Formål
Avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak, eller lavkonjunktur som følge av korona.
Kriterium
Søknad/tildeling vil bli vurdert utifrå følgande punkt:
Om verksemda er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Det vil seie negative verknader som har påført ekstra kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og evt nedstenging, eller påfølgande økonomisk nedgang/lavkonjunktur.
Du må kunne dokumentere eller vise til omsetjingsfall/tap av inntekter eller auka utgifter som følge av korona.
Om verksemda kan dokumentere at den fell heilt eller delvis utanfor dei sentrale/generelle støtteordningane for korona-kompensasjon.
Nyetablerte verksemder utan drift i 2019/2020 må kunne dokumentere tap av forventa inntekter/avlyste arrangement/bestillingar
Verksemder innan reiseliv, servering og overnatting er prioriterte (næringskode 55 og 56). Andre verksemder som fell utanfor generelle kompensasjonsordningar kan også søke.
Verksemda må ha aktivitet og ha adresse i Ørsta kommune. Har verksemda også aktivitet utanfor kommunen, er det berre den delen som er innanfor kommunen som er grunnlag for støtte
Maksimal støtte i denne runden er 120.000
Maksimal støtteintensitet er 70%, altså 70% av dokumentert tap
Støttebeløp vil bli avkorta forholdsmessig dersom totalsum av alle søknader overstig tildelt ramme til kommunen
Kommunale verksemder er ikkje støtteberettiga
Tap etter 1. september 2021
Søknad
Du skal søke skriftleg via søknadsskjema i portalen www.regionalforvaltning.no
Søk opp Ørsta kommune, kommunal kompensasjonsordning, januar 2022, eller følg denne lenka direkte til søknadsskjema. Her ligg søknadsskjema med 6 standardsider, inkl to eigenerklæringar (s 4 og 5). På side 6 lastar du opp to vedlegg du må lage; - dokumentasjon på tap, samt - kort fritekst der du omtaler bakgrunn for søknaden/situasjon for verksemda og tal tilsette.
Samla ramme vil bli fordelt på søkarane utifrå tilsendt informasjon og dokumentasjon, samt gjeldande kriterie. Dialogen med søkjar skjer gjennom Ørsta Næringskontor. Vurdering og søknad blir lagt fram for formannskapet for vedtak.
Støtta i denne runden blir gjort etter det som er kalla notifisert ordning, ikkje bagatellmessig stønad. Det er derfor utarbeidd klare kriterie for tildeling og vurdering.
Ørsta kommune og Kommunal-/moderniseringsdepartementet kan be om innsyn og kontroll med at støtta blir nytta i tråd med søknad og intensjonen i ordninga. Uriktig informasjon kan medføre at støtta bli trekt tilbake.
For meir informasjon:
Ta gjerne kontakt før du søkjer.
Odd Magne Vinjevoll
Ørsta Næringskontor
☎ 906 15 145
Per Ivar Lied
Ørsta kommune
☎ 482 82 962