Møt Jacob Stærk, mannen bak selskapet Stærk film

Jacob Stærk flytta til Ørsta saman med familien i 2018. Stærk arbeidde på den tida som kommunikasjonsdirektør for SOS Barnebyerne i København, og ønska å få til eit familieeventyr saman med dei to små borna. I Ørsta starta han opp eit enkeltmannsføretak der han utvikla nettsider i tillegg til pressearbeid, film og foto. Frå kontoret i Hovdebygda fulgte han opp kundane han hadde i Danmark og Sverige.

I 2022 valgte Jacob å satse vidare her i Ørsta og etablerte eit AS. Satsinga vart spissa meir mot filmproduksjon og han jobber i dag for kunder i hele verda i tillegg til lokalt. Stærk Film arbeider mellom anna med klesfotografering, hjelpeorganisasjonar, føretaksfilm og reklamefilm.

Bakgrunnet til Jacob er ei mastergrad i filmvitenskap frå Universitet i København og han har også studert journalistikk i USA på University of Colorado.

Stærk meiner at ein har ein alle lokasjonane ein kan ønskje seg her i området når ein driv med film og foto. Dei tydelege årstidene, det skiftande lyset og eit mangfald av kulisser med alt frå fjell til fjord. Her treng ein ikkje bekymre seg for om ein finn ein god lokasjon å filme der det ikkje er folk. Det er plass nok til alle.

Jacob kan hjelpe bedrifter med å utvikle kreative filmprosjekt til alle slags plattformer. Han likar å høyre historiene frå dei han skal produsere film til, for så å skape engasjerande forteljinger som treff målgruppa. Det vesle produksjonsselskapet fylgjer kundane frå idè til ferdig film. Er det store prosjekt med større budsjett, knyter han gjerne til seg andre freelancerar. Han har erfaring med å sette saman og leige eit team med spesialistar.

Vi ønsker Stærk film velkomen som ny medlem av Ørsta Næringskontor.

 Sjå film

Les meir

Foto: Thomas Fink

Forrige
Forrige

Auke i passasjertalet ved Ørsta/Volda Lufthamn

Neste
Neste

God vekst for Aurstad