LYSFEST
Fredag 10. og laurdag 11. november blir det stor stemning i Ørsta. Sentrumsgatene blir dekorerte med glitrande belysning og det blir marknadsboder med eit breitt utval av lokalmat og julegåver. Fredag kl 1700 blir det familieunderhaldning frå scena ved Kunsthuset.
Program:
- Opning av lysfesten
- Song ved koret Popcorn
- Oppvisning med drilljentene i Ørsta skulekorps
-Ørsta Hornmusikk
Det blir lystog til Gågata. "Bjørnis" og "Tare" vil vere med på festen!
Bjørnis kjem til opninga av lysfesten fredag. Foto: Ørsta kommune
Tare, maskoten til Sparebanken Møre gleder seg til lysfesten! Foto: Sparebanken Møre
Opningstider for marknadsbodene i Gågata og Havtor Hovdens Plass:
Fredag kl 1400-1900
Laurdag kl 1000-1500
BONDENS MARKED OG SALSBODER MED HANDTVERK MM.
LITT AV VAREUTVALET PÅ MARKNADEN:
-Smultringar, lefser, natronkaker, horn, julekaker og gombe
-Eplemost
-Skogsbær, multer
-Honning
-Pølser, hjortekjøt/pølser
-Lapskaus, fenalår, pinnekjøt, fårerull
-Cognacmarinert gravørret, einerøykt ørret, varmrøykt krydderørret
-Pinnekjøt av kjekjøt, spekepølser, litt fryseprodukt
-Lys
-Bieprodukt
-Brukt antikk
-Pynteenglar
-Barnekle og leiker
-Trearbeid, lykter, vasar
-Gåvekort, velværeprodukt
-Velkomstskilt
BUTIKKANE BUGNAR AV GODE TILBOD OG GODT UTVAL!
Julebutikken (i dei tidlegare lokala til Narvesen) held ope i Alti si opningstid.
Hovedsponsor: