Leikebutikken “Yes vi leker” har skifta konsept, namn og adresse
Leikebutikken som tidlegare heldt til i det gamle meieribygget i Ørsta har flytta til gågata og er i ferd med å bytte ut varelageret. No heiter butikken “A baby”, og der får du kjøpt kle og utstyr til dei minste.
Det er Aina Aaland Eikebø som eig butikken, og Kathrine Gjersdal er nytilsett i butikken. Årsaka til at Aina har valt å skifte konsept, er at det er fleire butikkar i området som sel leiker. Tidlegare måtte ein reise anten til Nordfjoreid eller Ålesund om ein skulle kjøpe barneutstyr, men no finn du tilbodet også lokalt. Eikebø er glad for å få litt fleire nære naboar no som ho har flytta til gågata. No ser damene fram til offisiell nyopning den fyrste veka i oktober.
Varelageret med leiker skal no ut for å gje plass til eit breiare utval av barneutstyr. Om du vil gjere unne litt av julegåvene tidleg, finn du butikken i Vikegata, rett ved Daniels Asiabutikk.
Med denne butikken på plass, er nesten alle lokala i gågata fylt opp.
F. v. Dagleg leiar Aina Aaland Eikebø og Katrine Gjersdal med litt av varesortimentet.