Studie i arbeids- og organisasjonspsykologi
Vi minner om studie i Arbeids og organisasjonspsykologi 30 STP har oppstart på Eid 27. og 28. august 2022. Fristen for påmelding er utvida til 16. August.
Folkeuniversitetet vil med dette få stadfeste at eit av våre mest populære studietilbod, no vil bli sett opp i Nordfjord hausten 2022
og våren 2023. Studiet arbeids og organisasjonspsykologi på 30 STP, er det første av tre fag i utdanningsprogrammet «arbeidslivspsykologi 60 STP».
Dei andre to faga er Personalpsykologi 15 STP – potensiell oppstart på Eid hausten 2023 og Motivasjonspsykologi 15 STP – potensiell oppstart på Eid i januar 2024. Desse tre faga byggjer på kvarandre, men ein kan og ta kvart einskild av faga separat.
Studiet i arbeids- og organisasjonspsykologi går ca 1 helg i månaden, sjå vedlagt undervisningsplan i PDF-format.
Studiested vil lokalt på Eid og på Sandane truleg i kommunestyresalen til Gloppen og Stad Kommune. Vi ønskjer å presisere at det vert fysiske forelesingar, så ein får høve til å møte alle forelesarane. Vi tek atterhald om at det kan bli ein evt. to samlingar som kan bli endra til å gå via Zoom, særleg om smittesituasjonen skulle endre seg, men i utgangspunktet er heile studiet tenkt som vanleg, fysisk undervisning. Eksamen: Arbeids og organisasjonspsykologi vil ha ein skuleeksamen på 8 timar. Denne vil gå i Bergen på UiB truleg medio mars 2023. Dato blir sett rett over nyttår.
Dersom du ønskjer å ta eksamen i emnet, kan du melde deg opp til eksamen som privatist ved Universitetet i Bergen via Folkeuniversitetet. Eksamen i emnet Arbeids- og organisasjonspsykologi gjev 30 studiepoeng. Her finn du UiB si eiga side om faget med link til pensum, eksamen etc. https://www.uib.no/emne/PSYK110
Semesteravgifta til UiB er no på 590,- NOK. Den består av to delar:
550 NOK av semesteravgiften går til Sammen og er obligatorisk å betale hvert semester. Sammen jobber for at alle studenter skal ha tilgang til en rekke ulike velferdstilbud.
40 NOK er en frivillig støtte til studentorganisasjonen SAIH sitt arbeid for å fremme utdanning i Asia, Afrika og Latin-Amerika.
Til deg som vil ta eksamen:
Frist for registrering av generell studiekompetanse eller realkompetanse til UiB er før 1.12.2022.
For dei som allereie er registrert ved UiB med generell studiekompetanse er fristen for registrering som enkeltemnestudent og oppmelding til eksamen før 01.02.2023.
Merk at registrering til emne er ope frå 17.1.2023
Steg 1. Sjekk om du må søkje innen 1. desember 2022 ( dette gjelder dei som ikkje allereie er registrert med generell studiekompetanse på UiB)
Steg 2. Meld deg opp til ledige emner – t.d. PSYK110 Arbeids- og organisasjonspsykologi frå 17. januar 2023
Steg 3. Registrer deg, betal semesteravgift og bli ny student på UiB innan 1. februar 2023
NB! Ein kan og delta på kurset utan å ta eksamen. Då følgjer ein forelesingane og får tilsendt kursbevis etter fullført studium.
Kurspris: Kr. 28 900,-
Eksamensavgift til UiB kr. 590,-. Dette skal berre betalast det semesteret du skal ta eksamen. For dette studiet blir det våren 2023.
Kostnadar til litteratur kjem i tillegg. Endeleg liste over litteratur vil vere klar 01.06.22. https://www.uib.no/emne/PSYK110
Det er ikkje tilbod om servering av mat under studiet, men kaffe vil vere tilgjengeleg for kurslyden.
Folkeuniversitetet tek atterhald om oppstart. Det må vere 15 deltakarar påmeldt, for at vi skal kunne setje i gong studiet.
Send gjerne denne informasjonen vidare til andre, slik at fleire i din organisasjon blir informert om tilbodet.
Påmeldingsfristen er utvida til tysdag 16. August.