Kai Eide kjem til Næringskonferansen
Vi er svært glade over å kunne presentere eit foredrag med Kai Eide på Næringskonferansen. Han er ein av dei mest erfarne og profilerte diplomatane vi har i Norge. Han har ein bakgrunn i politisk arbeid på både nasjonale og internasjonale arenaer.
Eide har gjennom fleire år vore utsending frå Norge til konferansen for sikkerheit og samarbeid i Europa (KSSE). Etter to år i Utenriksdepartementet arbeidde han deretter for Nato i Brussel, der han var assisterande direktør i sekretæriatet til NATOs generalsekretær. Seinare vart han ministerråd ved Norges delegasjon til NATO. Han var leiar for FNs sin operasjon i Bosnia-Hercegovina 1997-1998. Kai Eide var Norge sin ambassadør til OSSE i Wien 1998-2002, og deretter Norges ambassadør til Nato frå 2002-2006. Frå 2008 var han FN si spesialutsending til Afghananistan. Han har sett den sikkerheitspolitiske utviklinga frå den kalde krigen til Afghanistan-konflikta og «krig mot terror» på kloss hald.
- Vi får høyre eit engasjert foredrag om storpolitikk, vi får høyre om internasjonale spenningar og krevjande politiske situasjonar, og han vil gi oss eit innblikk i stormaktene sine påverknader på verdssamfunnet. Alt dette basert på Eide sin kunnskap og erfaringar frå leiing og involvering i internasjonale politiske prosessar. Kai Eide er ein karismatisk og engasjerande foredragshaldar med gode formidlingsevner.