Gasellebedrifter i Ørsta 2021

Den 1. Januar kvart år offentleggjer Dagens Næringsliv årets gasellebedrifter. Kriteria for å bli utnemnt er at ein har utmerka seg med svært rask vekst.

For å bli kåra til Gasellebedrift må bedrifta dei 4 siste åra ha dobla omsetnaden frå minimum 1 million det fyrste året, auka omsetnaden i kvart av dei fire åra, og samla sett ha eit positivt driftsresultat. Her er dei 5 bedriftene frå Ørsta som har greidd desse krava i 2021:

  • Bjørdal MaskinAS

  • Byggmeister Inge Kolås AS

  • Lennavik Bil AS

  • Tema Vest AS

  • Vatne Dekkservice


Vatne Dekkservice

Harald Vatne, innehavar av Vatne Dekkservice, seier det ligg mykje arbeid bak suksessen. Bedrifta heldt til på Vatne frå 2008-2019. Siste året deira der, hadde dei ein omsetnad på litt over 4 mill eks mva. Etter at dei flytta bedrifta til større lokale i Anders Hovden gata 16, har omsetnaden stige til 13,3 mill eks mva. Dei er i dag 2 tilsette pluss ein lærling. Etter sommaren aukar staben til 3 tilsette og ein lærling. Etter eit lite år i Ørsta sentrum måtte dei utvide lokalet. No er det snakk om å utvide endå meir, seier Harald.

Bedrifta leverer alt frå små dekk til store landbruks- og anleggsdekk i tillegg til batteri og felgar. Ein del av salet går gjennom nettbutikken.

Vatne Dekkservice tilbyr dekkhotell, eit tilbod som har hatt stor vekst og krev mykje plass. Allereie no ser dei ut i frå tala hittil i år at dei sannsynlegvis vil få gasellbedrifsstatus i 2022 også. Då blir det 4 året på rad. På spørsmål om kva som ligg i det å vere gasellebedrift svarer Vatne at dei får tilsendt diplom på mail. Tidlegare vart det gjort litt meir stas på vinnarane enn dei siste åra.

















Forrige
Forrige

Betre tal enn nokon gong

Neste
Neste

Meieriet i Ørsta jaktar på fleire tilsette