Enøk-senteret

Historia starta med Ørsta Enøk-forum som vart etablert som ei stifting der fleire energiselskap var involverte. Tussa var då ein av eigarane som etter kvart tok over. I tidleg fase hadde dei tilhaldsstad i Nupen-bygge i Ørsta. For om lag 6 år sidan tok Nordplan over drifta, og dei held no til i Hovdebygda. I tillegg har dei kontor i Ålesund og Vågå.

 

Bærekraft og energisparing er eitt brennheitt tema når vi no er inne i det grøne skiftet og straumprisane veks inn i himmelen. Dette gjer at kommunar, bedrifter og private heimar i større grad må tenkje nytt. Dette kan Paul Rune Ingebriktsen og dei andre tilsette ved Enøk-senteret hjelpe til med. Han seier at dei har arbeidd med bærekraft i meir enn 30 år.  Enøk-senteret rettar seg inn mot verksemder og kommunar rundt om i heile landet. Når dei skal gjere vurderingar er det heile tida langsiktige perspektiv på energikostnader og miljøvinst som står i fokus.

 

Kan bistå alle typar verksemder med mellom anna:

  • Kartlegging av sparepotensiale

  • Hjelpe til med gjennomføring av tiltak

  • Måle resultat av tiltak

  • Miljøtårnsertifisering

  • Kurs

 

Verksemda kan halde både standariserte og skreddarsydde kurs, til dømes innan energileiing, energioppfylgjing (EOS), drift av tekniske anlegg osb. Gode opplæringsprogram for driftspersonell kan bidra med å seinke energibruken med heile 5-15 %.

Selskapet har 7 tilsette, og ønskjer no få fleire.

Les meir:

FV. Mariann Eik, Paul Rune Ingebriktsen, Lidvard Ytterland og Kurt Leon Breiteig. Foto: Marta Lystad

Forrige
Forrige

Næringskonferansen Søre Sunnmøre 2022

Neste
Neste

Hurtigruten med den største miljøoppgraderinga i historia