Breiddegrad studio
Det er Sondre Marøy som står bak den nystarta bedrifta Breiddegrad Studio. Han tilbyr eit breitt utval av tenester som gjer bedrifter meir synleg.
Breiddegrad Studio tilbyr mellom anna design, foto og film. Som eit av dei fyrste oppdraga, laga han layout til facebooksida “Bli med hit til Søre Sunnmøre” , som er eit rekrutteringsprosjekt. Til dette laga han både logo, slideshow og brosjyre. Bli med hit
Marøy lagar design for trykte og digitale flater, utformer konsept, fotograferer og kan utvikle heimesider, frå idè til ferdig resultat.
Bakgrunn
Sondre har ei bachelorgrad i visuell kommunikasjon frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen, nokre studieår med grafisk design i Bergen og eit år innan illustrasjon i England.
Erfaring
Sondre Marøy har tidlegare arbeidd som frilanser, han har vore tilsett som designkonsulent for Oslo Pensjonsforsikring og designer for Fantastiske Oseberget.
Vi ønskjer Breiddegrad velkomen som ny medlem i Ørsta Næringskontor!
Sondre Marøy, Breiddegrad Studio