Betre rutetilbod ved Ørsta/Volda Lufthamn.

Endeleg får vi tilbake eit rutetilbod på Hovden Lufthamn som vil gagne heile Søre Sunnmøre og nordre del av Nordfjord.

Frå 1. April vil det vere 6 direkte avgangar mellom Gardermoen – Hovden. Dette er omlag det same nivået som i 2013 då vi hadde eit trafikktal på 120.000 passasjerar.

Det direkte morgonflyet frå Gardermoen til Hovden er no tilbake, og eit frå Hovden til Gardermoen kl.13.15.

I tillegg er det auka med ei  ekstra rute på laurdagar og søndagar. Ørsta/Volda lufthamn er svært mykje nytta av næringslivet i regionen, og for desse brukarane er særskilt morgonflyet viktig i høve forretningsreiser. Generell frekvensauke i rutetilbodet ved flyplassen vil også vere meir forutsigbart og meir attraktivt å bruke.

Hovden er no attende i den nasjonale anbudsrunda for flyrutekjøp på kortbanenettet, denne går fram til 2024, noko  som sikrar kontinuiteten og ikkje minst gjev lågare billettprisar. Dette har vore eit kontinuerlig arbeid i Utviklingsforum Hovden. Denne aksjonsgruppa som er samansett av  kommune, næringsliv og offentlege institusjonar, og dei har kontinuerlig arbeidd og vil fortsette og arbeide for eit godt flytilbod ved Hovden.

Forrige
Forrige

Vinifera og Galleri Alma

Neste
Neste

Betre tal enn nokon gong