Kurs for nyetablerarar og næringsdrivande
Vurderer du å starte di eiga verksemd eller er du alt igong? Tenker du på å starte di eiga bedrift, eller er du alt i gang? Då er det viktig å vite kva for reglar som gjeld.
På informasjonsmøtet på Havila Hotel Ivar Aasen vil du få informasjon frå hoppid.no, Brønnøysundregistra og Altinn om tema som det er viktig å tenke på før og under oppstarten – og når du er i drift.
Du vil også få presentert digitale verktøy som er viktige for etablerarar og nye næringsdrivande.
Tid og stad
Stad: Havila Hotel Ivar Aasen
Tid: 19. mars klokka 1600–1800
Foto: Terese Laråsen
Påmelding til:
omv@orsta-nk.no
Program
Lokal gründerhjelp – ved hoppid.no
Informasjon om SIVA-systemet, ÅKP og Kulturnæringshagen i Volda, Herøy næringsforum med meir
Kva må du tenkje på før og under oppstarten? – ved Brønnøysundregistra
Kva opplever brukarane at det er vanskeleg å forstå?
Kvifor er det viktig å planlegge godt?
Verktøykassa for å starte og drive bedrift i Altinn, med guidar og rettleiarar
Val av organisasjonsform – ved Brønnøysundregistra
Litt om dei vanlegaste organisasjonsformene og korleis du registrerer
Praktisk bruk av Altinn – ved Digitaliseringsdirektoratet
Kva er det viktig å gjere når du skal drive bedrift – ved Brønnøysundregistra
«Starte og drive bedrift» som digital verktøykasse i Altinn – med tilpassa rettleiing og informasjon om å drive aksjeselskap og enkeltpersonføretak
Rapporteringsplikter
Skatt og avgift
Bokføring og rekneskap
Andre relevante tema
Eventuelle andre tema som dei frammøtte vil ta opp